Cabana Wines AS
Vinimportør

Område:

Område me kjøper vin frå ligg midt i hjarta av Douro, som er mest kjend for Portvin.
Dei 2-3 siste tiåra er det satsa mykje på og auka kvalitet både på raud og kvit vin.
Det er om lag 34000 produsentar av druer, mange av dei sel druene sine til dei som produserer vin.


Druer vert dyrka opp til 700 m over havet.
Det er varmt på sommaren, men kan vere kaldt om vinteren. Temperaturen kan komme heilt ned mot null grader.
Dette , saman med jordsmonnet, gjer dalen velegna for vinproduksjon.

A) Druer:

Rød vin: kjende druer som Touriga Franca, Touriga Nacional, Tinta Roriz,Tinta barocca og Tinta Cao er dei mest brukte druene for rødvinsproduksjon.
Kvit vin: Druene Rabigato, Gouveio, Viosinho og Moscatel er blant dei mest brukte druene i kvitvinsproduksjon og er bakgrunnen for den gode kvite vinen frå Douro. 

Men, når det gjeld både raud og kvit vin er det mange forskjellige typar.
Ein av våre vinprodusentar, Dona Berta, har kvit vin av 100 % av drua Rabigato.
 
Espumante/ Musserende vin: Musserende vin som er laga på Champagnemetoden.
Av all musserande vin på Vinmonopolet, er det kun me som har musserande vin frå Douro.
Portvin: portvin som me har, Porto Fine Ruby,  er av druene Touriga Nacional, Touriga Franca, Tinta Cao, Tinta Roriz, Tinta Amarela
Den heiter Vertice Cuvee, eller Vertice Rose`, friske og gode alternativ begge to.

B) Pinhao

Dei fleste av våre produsentar held til rundt byen Pinhao, liten by som er i positiv utvikling,  som er rik på tradisjonar vedkomande druer og vinproduksjon, og også sjølvsagt Portvin.


I Pinhao ligg 5 stjernes hotellet Vintage House Hotel, eit hotel ombygt frå eit gamalt vin lagerbygg.
Hotellet ligg flott til  ved Douro elva, og det, i tillegg til god mat og rikholdig vinkjellar er absolutt verd eit besøk.

Nærmaste flyplass er i Porto, avstand ca 1,5 tim med bil.
Pinhao kan også nåast utan bil, med tog. Togstasjonen i Pinhao er vide kjent for sin flotte utsjånad.


Cabana Wines AS
Vinimport
Brynaskogen 24
5705 VOSS
Tlf: +47 416 97 666
Epost: cabana@pinhao.no
        Rediger